The art of self-preservation.

13 January, 2008 at 11:18 (Ukategorisert)

2008 er godt i gang. Juletida passerte utan store problem. I år feira eg heime hjå mor, ho brilljerte som vanleg med kokkeleringsskillz, og me fekk servert god mat i rikelege mengder kvar einaste dag. Så litt feitare og godt nøgd returnerte eg til bartebyen for å ta fatt på eit nytt år med arbeid, bridge og sosial omgang med vener av varierande kvalitet. Spørsmålet er om det nye året vert trivelegare enn det førre. Lat oss håpe det.

Tidlegare denne veka var vår gode venn E. Skjetne på “tråden” på verdsveven
ES “Du, atte, har du tenkt å spela vårtevlinga på Heimdal lissom?”
MH “Igrunn ikkje, men sjølvsagt, viss du spør fint, så kan eg alltids stilla opp.”
ES “Ja, pliis. Ingen andre som vil spela med meg.”
MH “Åkei, då sei me det sånn, men då må du lova å spela som folk.”
ES “ofc. Du skaffar skyssen, så melder eg oss på”

Første spelekvelden gjekk av stabelen Torsdagen. Kay Strand var ikkje vanskeleg å be om skyss, og skjetne hadde klart å få meldt oss på, så me slapp sjikane frå leiar Hjellemarken då me møtte opp påmelde og i rett tid.

Første runda møtte me navnebror Tilset og makker Hans Noreng. Triveleg som alltid. Låtten sat laust kring bordet medan eg og Skjetne fekk kasta etter oss kasse etter kasse. Berre mot vår makker frå krinsserien, kvalen, sat poenga lausare. Kvalen forøvrig i tospann med gode Daniel Ueland. Ein spanande samansetning.

Så kom etterkvart andrerunden. Det skulle visa seg å verta eit intenst oppgjer mot A. Livgård og P. Eide. Alltid eit spanande par å møta.

Tidleg i leiken sitt du i andrehand, gunstig sone, og får utdelt følgande veike fordelingshand:

BLAKK
Toa femte.
KJ109tjuktsjette.
To små.

Pete “the beat” Eide finn ikkje anna bod enn pass i fyrstehanda, og sia du ikkje har noko beskrivande bod i systemet, følgjer du opp med ein pass. Livers slengjer på ein spar, makker passar, og Petter melder 2 rutt, alertert. Du spør nyfiken kva dette bodet skal tyde, og Livers mumlar noko om 4kort sparstøtte og gode kort. “Dette må du vel skjønne?”.

Javel, kva no. Noko lyt ein gjera. Først og fremst lyt ein ta seg tid, slik at uansett kva ein byr så må makker skjøna at det ikkje er opplagt. Ein kan jo dubla for å syna at ein er tåleg bra utstyrt i rutt, men det kan jo godt skje at ein skal ut å stampa mot ein evt. utgang i desse sonetilhøva, så valget fell på 2sp, hjart og ein minor.
Stogg-3sp-værsego frå livers, og a tempo X frå makker. Pass frå Eide, og din tur att. No kan ein jo ta seg tida til å tenkje gjennom possen, freiste å skjøne kva hand denne makkern kan ha, og vurdere om ein kanskje skal plukke ut dublinga. Igrunn synest eg det er eit lite meldeproblem. Motparten er opplagt på minst 9kortstilpass, og mykje tydar på at dei har størsteparten av punktene. Makker fann ikkje noko bud i første runde, så han har ikkje noko grangopning. Håpet er at han har ei slags problematisk fordelingshand med nokre ess og stuttfarge i ein av dine langfargar. Men sjølv om makker har bortimot ideell hand i så måte så er jo di hand fri for inntak og stikk, er den ikkje?
Etter eit fornuftig resonnement fell valget på å plukka ut i 4 rutt.

Men nei, det var uheldigvis Skjetne som hadde utstyrt seg med desse korta, og han var så nøgd med grukken han hadde lagt inn før 2sp bodet at i denne possen orka han ikkje ein gang tenka, anna enn kanskje “makkers X makkers egg”.

Kontrakten sto sjølvsagt som eit segl. Eg valde sågar å dytta på eit overstikk, uten at det har stort å sei. Handa mi var aktuelt A87x, JT, Axxx, Axx. Ein noko tøff dubling, men påverka av sonetilhøva tok eg sjansen. Ein smellfeit tohundrelapp lokka i det fjerne. Eg trudde jo at makker kunne ta ut viss han var heilt fri. Den tabben skal eg ikkje gjera igjen.

Så til etterspelet. Eg vart sjølvsagt utledd av motstandarane for aksjonane mine på spelet, medan dei skrytte av Skjetne sine aksjonar på alle stasjonar. Dette må ein venta. Det er eit velkjend trix å freista skapa splid i motstandarane sine rekker, spesielt lønsamt då ein spelar mange spel mot same motstand. Dette veit sjølvsagt rutinerte Eide-Livgård å utnytte for det det er verdt når høvet byr seg.

Sjokket var at min gode makker heiv seg på i sjikanekoret og verkeleg gav meg huden full. Eg la meg sjølvsagt bakpå i kjent stil. “Orsak, eg burde sjølvsagt hatt AKJTx i spar og 2-3 ess utanom, tek det på mi kappe” “Ja det skulle berre mangla. Du organiserte kassa ut for eiga maskin der, ditt nek” small responsen frå Kvalpen Skjetne. Tøff som få når han har etpar tungvektarar til å bækka seg opp.

Greit nok, eg vart satt litt ut av balanse etter dette spelet, og fulgde opp med atter nokre stålegg, samtlige vart sjølvsagt slakta og utledd av alle kring bordet. Det heile enda med skandale. Minus fire påeng, og det elendigaste eg har prestert mot “Baywatch” Livgård på eit års tid. Men det var vel verdt det, dei andre såg ut til å ha det riktig så trivelig. Både denne runda og resten av veka.

Må forresten nytta høvet til å gratulera Livgård - Bodil Nyheim Øigarden med ein sterk andreplass i krinsmeisterskapen i Mix. Skjetne greidde middel, gratulerar til han òg. Sjølv deltok eg ikkje. Turde ikkje. Medan eg skriv avslutninga tikkar det inn resultatar frå ei tevling i Bodø, der samar og lagkameratar Bogen-LAJ har dribla seg inn til ein flott andreplass like bak verdsmeistrar Helgemo-Helness. Feltet, med mellom andre Kvist-Simonsen, enda langt bak.

Permalink 2 Kommentarer

Motspel i medvind.

4 December, 2007 at 10:28 (Ukategorisert)

NM klubblag er ei av dei trivelegaste bridgetevlingande som går kvart år. Ein får gjerne anledning til å spela mot folk ein ikkje møter så ofte, og kampane er ofte arrangert på uvande plassar, til dømes heime i stova til einkvan. Det er vanlig praksis med enkel servering, kaffi og noko å bite i. I tilleg får ein gjerne høve til å reise litt rundt i distriktet, og til andre distrikt viss ein er heldig å komma langt.

Sjølv er eg ikkje så glad i å farta rundt på vinterglatte vegar, så eg valde å gje meg etter ein runde i år.

Eit av dei betre studentlaga, Lindqvist-Tøndel og Livgård-P. Eide trekte i andre runde heimekamp mot eit lag frå singsås. På det gjestande laget spela Jan Emil Græsli-Bård Kåre Græsli og Morten Hermo-Trond Engen.

Heimelaget måtte finna seg i eit rimelig stort favorittstempel, men eg veit at desse hyggelege folka frå singsås slett ikkje lid av stikkvegring, så eg syntest det verka som eit oppgjer verdt å bakspele.

I første halvrunda spela Allan “Baywatch” Livgård og unge, lovande Petter Eide i ope rom mot Græslibrørne. Allan og Petter har for vane å spela stødig og utan veldig mange egg, og når dei i tilleg finn glien så vert det vanskeleg for dei fleste motstandar å halde tritt. Både gli og form var inne denne dagen, og første halvrunde vart vunne suverent av studentlaget. Som bakspelar var det helst motspela til Juniorlandslagsparet eg vart imponert over. Eg vil freiste å attgje det finaste eksempelet her. Spelet er vridd for å få Syd som speleførar.

                          AKJT9
                          654
                          QT75
                          6

876                                                Q32
82                                                 KJ93
A94                                                J62
T9743                                              A85

                         54
                         AQT7
                         K83
                         KQJ2

Jan Emil (Janinj) i Syd opna i grand, og vart etter overføring spelande i 3nt.
Petter sørva ein kryptisk kløver 9, eg veit dei har ei avtale på slike utspel, men kjenner ikkje detaljane, venteleg kan 9 vera frå T9 utan honnør over.
Utspelet fekk gå rundt til honnør hos speleførar, som no freista ein sparkapp. spar 9 fekk behalde stikket, og det heile såg lyst ut for syd. Han freista ein hjarter til finesse med dama og deretter spar til ny kapp. No stakk livgård og planta hjartkongen i disken. Janinj stakk med esset og freista ruter mot dama for å få henta sparstikka sine. Dette gjekk i og for seg greit, men kva 3 avkast skal han velgje seg på handa? Han er sjanselaus, og måtte smått irritert finne seg i å gå ei beit. Men triveleg som han er rista Jan Emil fort av seg skuffelsen og gav livgård honnør for den fine dukken i spar som skapte trøbbelet. Alle kring bordet, kanskje mest av alle Livgård sjølv, var enige om at dette var eit flott motspel.

Etter ein jamn andre halvrunde enda kampen med klar siger til studentane.

Permalink 4 Kommentarer

Velkomne, kjære vener.

20 November, 2007 at 14:39 (Ukategorisert)

Eg har registrert ein skremmande tendens på verdsveven den siste tida. Det dukkar stadig opp vevsider der gjennomgangsmelodien er kritikk, sarkasme, harselas og grunnlause skuldingar om hærverk (til dømes herping av lampar, utan å gå nærare inn på akkurat den saka.)
Eg har derfor bestemt meg for å starta ei eiga vevside, såkalla “blågg”, som ei motvekt til all denne nedbrytande fiendskapen. Her på sida mi skal innhaldet vera av positiv sort. Eg vil skriva litt om dei positive tinga eg opplever, ved bridgebordet såvel som elles. Trivselen i fokus.

Den siste veka har eg levd i ei unkarstilvere, og har såleis fått anledning til å prøva meg litt som husmor. Med vekslande hell. I dag hadde eg igjen glømt å handla inn ferdigpitsa og annan ferdigmat, så eg måtte freiste lukka med det eg fann i skåpa. Eg er ikkje typen som går eins ærand til butikken med mindre det er heilt naudsynt.

I skåpa fann eg ikkje veldig mykje, men etter ein del romstering hadde eg fått stabla fram ingrediensar til noko som eg såg for meg skulle bli ein alle tiders vegetarrett:

  • 1 halv lauk
  • 1 boks med skiva sjampinjång
  • 1 boks med tomatbønner
  • 1 pakke nudlar

Hakk lauk og fres det saman med soppen, ha i bønnene og la det varma seg opp sånn høveleg. Kok nudlane, bland heile smørja saman og server. Smakast til med pepar og salt.

Denne retten var nokså lettlaga, og den var godt etande. Bakdelen var at smaken frå tomatbønnene var noko dominerande, trur ein med fordel kan auke til ein heil lauk for å få motvekt til den heller kvalmande, søtlege tomatbønnesmaken.

Utan at eg er ekspert på ernæring, vil eg gissa at dette var eit nokså sunt måltid. Eg bruka til og med heilkornsnudlar.

Alle ingrediensane er billege så totalprisen er neppe avskrekkanda.

Retten metta godt, og ga ein høveleg tilfredsstillande kvalme.

Totalvurdering:

Heilt grei skabbemat, men kjem neppe til å bli ein klassikar. Kanskje den hadde vore betre om ein hadde hatt noko hakka kjøt av eit slag blanda inn. Kanskje litt kvitlauk hadde gjort seg og.

Retten treng eit namn, men eg har ingen gode framlegg i skrivande stund. Lesarane er velkomne til å komma med framlegg.

Permalink 6 Kommentarer

heimen.trykker.comLogg inn